Idag skulle eg eigentleg berre ein tur innom Jysk for å sjå om dei har nokre fine kommodar som eg kan ha på rommet. Slik endte det altså ikkje. Eg, Hanna, Kjetil og Halvor for nedover, men me bestemte oss for å heller ta oss en liten byatur istedet for :)
Vi delte oss opp i to; jenter og gutar. Eg og Hanna for inno Gina Tricot, for eg kom på at eg trengde nokon basic-plagg og Hanna ville også ha seg noko. Det endte med at oss kjøpte klede isteden for å fare på Jysk (må ta igjen det ein annan gong hehehe).
Forresten, har du nokon gong opplevd at ein uteliggar/narkoman har forfulgd deg? Det opplevde eg og Hanna idag. Eg synes skikkelig synd i slike folk altså. Det var litt ekkelt synst eg, men eg kan ikkje hjelpe for å få dårleg samvit. Dei har nesten ingenting og vi har så mykje meir.
Etter at vi hadde klart å "riste" av oss han fyren, møtte me på Ole Petter nede ved Stortinget. Kjende han nesten ikkje igjen veit du; lengre hår, skinnjakke og siz-pence lue (eller ka det heiter). Det var kosleg å sjå han igjen da!